jueves, 24 de enero de 2008

Fra stranda til Snø

Eg kan huske det som om det skjedde i går, eg var ei 14 år gammel jente som var på skulen. Alt som skjedde var pussig, det var noko spesielt denne dagen. American Field Service -AFS-, ein organisasjon som eg ikkje visste eksisterte, snakka om å vere utveksligsstudent i eit land som du sjølv bestemte og bu hos ein vertsfamilie. Eg tenkte på reise til Sveits.


Tid kjem, passerer og den var nesten forsvunne, vi måtte bestemme kva land vi skulle reise til. Noreg var ei mulighet, sjølv om eg aldri hadde vore der før. Eg valde å reise hit i staden for Sveits, Det var meir interessant å bestemme eit land som var heilt forskjellig frå mitt eige, det måtte vere ei annaleis erfaring. Når eg tenkte på Noreg kunne eg forestille meg BK -Bacalao King- i staden for Burger King (men det liker ikkje eg), midnatt sol, nordlys om vinteren, og spøken om isbjørn på veien.


Sidan vi kan ikkje lære norsk i landet mitt, kanskje på grunn av at Noreg har få innbyggarar sammenliga med verdens innbyggartal, skulle komunikasjon verte vanskelig. Heldigvis kunne eg snakke engelsk i staden for og parodiere det som eg ville fortelle. Eg måtte lære språket medan ej budde med ein norsk familie, sidan språket forvirra meg. Familien kunne ha snakka kinesisk, og eg kunne ikkje fortelle forskjellen blant disse to språkene.


Dagen som eg måtte reise eg var så glad, det skulle vere den sisten dagen med skinnende sol og varme temperatur. Eg skulle ynskje velkommen snø, kulde og vinterkle. Det var litt vanskelig å bestemme kva som eg skulle ta med. Vinter? Kva vinter? Hvis vi har to årstidene, varm og varmer. Vår vinter tilsvarer noregs sommar. Den dominikanske sommaren kan vere så varm som 36 C og den norske sommeren kan vere så kaldt som 24 C med mulighet for regn. Ja, vi har regn og orkan vi også. Men dagane kan vere så fine at vi har lyst å gå på stranda eller ein sosial klubb, bade oss og drikke ein tropisk drikk i staden for å gå på skule eller jobbe, men vi må likevel vente på helga. Her kan dagane vere så fine at eg har lyst på akebrett (eg vart spurt om eg ville gå i barnehagen i staden for vidaregåande og ake heile dagen), og bli begravd i snø etterpå eller gå på ski og forsette å falle på grunn av mi manglande erfaring. Det ville blitt litt artig om eg prøvde å stå på ski på stranda.

Endelig opplevde eg kvit jul. Vi har ei stor motsetning mellom vår juletradisjon og den norske. Medan norske folk begynner å leike med snø, lage julekaker, hentar juletre i skogen, pyntar det og legg gåver som skal bli opna av oss, og synge rundt det, pyntar vi plastikkjuletre, set eple i munnen til grisen som vi skal ete og dansar merengue og salsa på julefest. Snø har eg aldri sett og ski har eg aldri prøvd. Derfor det var spennande når eg hadde min første gang med begge deler. Fyrste dagen som vi hadde snø, var vi på fransk time og Lieselotte fortalte meg at det snødde ute, og at vi måtte gå ut og kike på snøen. Eg vil alltid huske denne dagen og etter kvart gleda eg meg med snøballkrig, snømann, snøhjerter, deilig snøsaft -nysnø blandet med saft- og alle mulige ting som vi kan gjere med snø.


No hay comentarios: